No har me vore ein del ute og reist, blant anna til Get focused i Tønsberg og på return2sender tur
til Sogndal. På Get focused sto me på stand saman med Benedicte, og fekk 11 nye medlemmar i return2sender familien! Det var meget kjekt; me fekk treffa mange folk, fekk med oss gode møter og veldig kjekke konsertar med Samuel Ljungbladh og Jesus Culture!
Denne helga var me saman med Håvard på tur til Sogndal, til heimplassen til Gine. Her var me med på Basecamp (ungdomskveld på fredagar) og lovsangsmøte for unge voksne på lørdag. Me presenterte return2sender og var i lag med dei. Me skal tilbake til Sogndal seinare, og fint er det, for det var veldig mange flotte folk der. På heimturen var me innom Fitjar og deltok på eit møte der. Her var det ikkje så mange ungdommar, men skjønne, takksame og generøse var dei.
Og i Stavanger får me òg treffa mange folk! Blant anna på:
UK - ungKyrkja på Bryne. Her er me med kvar torsdag. Herleg gjeng med ungdommar for det meste i ungdomsskulealder. Her får me delta med leik og andakt, og ha ansvar for misjonsprosjektet deira som er BRIDGEBUILDERS!! Det er kult!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar